Stig-André Berge
Stig-André Berge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juli 1983 (41 år) Oslo |
Idrett | bryting |
Tok del i | Bryting under Sommer-OL 2012, Bryting under Sommer-OL 2008, Bryting under Sommar-OL 2016 |
Stig André Berge (fødd 20. juli 1983) er ein norsk brytar frå Groruddalen. Berge representerer Oslo Bryteklubb. Han vann ein bronsemedalje under Sommar-OL 2016.[1]
Berge vann EM-sølv i 60-kilosklassa i 2007 og i 63 kg i 2018 og 2019. Han tok VM-bronse i 59 kg i 2014 og OL-bronse i Rio de Janeiro 2016. Åra 2009, 2013, 2014 og 2015 vart han nordisk meister. Perioden 2001-19 vann han 11 gullmedaljar i norske meisterskap i bryting, fordelt på 54 kg (1), 60 kg (1), 66 kg (7) og 67 kg (1). Han vart tildelt to kongepokalar.
Berge kvalifiserte seg til sommar-OL 2008 i Beijing, men rauk ut etter den fyrste kampen, der han møtte Nurbakyt Tengizbayev frå Kasakhstan. [2] Under eit stemne i Finland våren 2012 kvalifiserte han seg til OL på nytt [3], og tevlar for Noreg under sommar-OL 2012 i London. Berge bryt vanlegvis i 66-kilosklassen i Noreg, men fekk bryta i 60-kilosklassen i London. Diverre tapte han også her sin fyrste kamp; åttandedelsfinalen mot Hasan Alijev frå Aserbajdsjan og rauk med det ut av OL. [4]
Kjærasten til Stig André Berge, Rosel Utne, er også brytar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gundersen, Ove (18. juni 2024). «Stig-André Berge». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Aftenposten, 12.08.08: Berge ute av OL
- ↑ Bryting.no: Stig André Berge klar for OL[daud lenkje]
- ↑ VG.no, 06.08.12: Berge helt knust etter OL-tap
- Einskildmenn
- Fødde i 1983
- Norske brytarar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Norske deltakarar under sommar-OL 2008
- Brytarar under sommar-OL 2008
- Norske deltakarar under sommar-OL 2012
- Brytarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Norske deltakarar under sommar-OL 2016
- Brytarar under sommar-OL 2016
- Idrettsutøvarar frå Oslo